LightroomTips

Panel av/på med eitt klikk

Article text
I venstre kant av kvar enkelt paneloverskrift er ein liten, nesten unsynleg knapp – kanskje du ikkje var klar over at det faktisk er ein av-og-på-knapp? Knappen viser bildet med eller utan redigeringar for det enkelte panelet.

Knappen blir aktiv dersom minst ein brytar i panelet er justert, og den er delt i ein lys og ein mørk del. Når den lyse delen er oppe, er panelet aktivt. Når den lyse delen er nede, er redigeringane i panelet slått av, og bildet viser utan justeringane i panelet. Ein hjelpetekst sprett opp når du held musa over knappen, dersom minst ein av brytarane i panelet har blitt justert. Teksten viser om du slår av eller på panelet.

Når du klikkar på ein av desse knappane, viser effekten i bildet straks. Du har kanskje gjort fleire små endringar, som kvar for seg er vanskelege å sjå effekten av. Med denne hovedbrytaren for panelet ser du lett summen av dei små endringane du har gjort.