LightroomTips

Mat ut minnekortet

Article text
Sett at du set inn eit minnekort for å importere bilde, men så var det feil kort, kortet var tomt, eller du ombestemmer deg – vil importere nokre andre først.

I importvinduet kan du enkelt mate ut kortet, slik at du trygt kan fjerne det. Høgreklikk (Ctrl+klikk på Mac) på kortet i Source-panelet, og vel Eject. Det frigjer kortet, og det er trygt å fjerne det frå kortlesaren.

Når du set inn neste kort, klikkar du berre på knappen FROM i Source-panelet, og vel kortet frå menyen som sprett opp.

Haken i sjekkboksen Eject after import matar ut kortet når importen er fullført, slik at du trygt kan fjerne det frå kortlesaren.