LightroomTips

Fjern overflødig Collection

Collection er nøkkelen til ei god organisering av bilde. Ettersom tida går, kan enkelte bli overflødige, og du vil bli kvitt dei. Her er korleis.
Om du vil bli kvitt ein Collection, kan du klikke på den i Collectionpanelet, slik at bilda i den viser, jf bildet her. I toppen av panelet Collections finn du - (minus) og + (pluss). Klikk - (minusteiknet), for å slette den merka Collection. Dette slettar berre Collection, ikkje bilda.

Hugs at Collection ikkje er ei mappe (eller Folder, som Adobefolket kallar det) med bilde, men berre eit filter, som viser bilde som er lagra i ei eller fleire mapper i bildelageret.