LightroomTips

Problem etter oppdatering? Prøv dette

Article text
Problema har oppstått på både Windows og Mac-maskiner, og mange har meldt om det same på ulike forum, og Facebooksida mi, Enkelt forklart har hatt stor pågang om dette.

Ei av årsakene er eit heilt nytt skjermbilde for import av bilde. Den eine delen er det nye skjermbildet, Add Photos Screen, som søkjer etter bilde på alle tilkobla lagringsmedia. Dette krev ressursar så store, at det ser ut som maskina går i stå. Heldigvis kan skjermbildet koblast ut, noko du absolutt bør prøve, jf den venstre delen av bildet til denne artikkelen.

Den andre delen av problemet med import er meir knytt til brukaropplevinga. Skjermbildet ser heilt annleis ut, men det er også fjerna funksjonar, som mange brukarar sette stor pris på. Det er t.d. ikkje lenger mogleg å velje om du vil importere duplikat, og filhandteringsalternativet Move er fjerna. Ved import kan du no velje Copy eller Add.

Adobe har unnskylda seg for dei problema oppdateringa har skapt for mange brukarar, og lova at dei vil gjenopprette brukaropplevinga ved import av bilde. Oppdateringa som skapte problema vart sendt ut i midten av oktober 2015, men i skrivande stund har det ikkje skjedd noko nytt.

Støtta for grafikkort har også ført til problem. Tydelegast har det vore med grafikkort frå AMD. Det vart tidleg sendt ut ein betaversjon av ny drivar, som skulle bøte på problema. Fleire har likevel hatt problem i ettertid. Dersom du har eit problem som kan vere knytt til grafikkortet, kan du slå av GPU i Preferences, jf høgre del av bildet til artikkelen.

Ein meir omfattande operasjon kan vere aktuell for dei som har mest problem etter oppdateringa. Det er å avinstallere, for så å installere den tidlegare oppdateringa, DVs 6.1/CC 2015.1. Det vil vanlegvis fjerne problema knytt til Add Photos Screen og grafikkort frå AMD.

Siste
Oppdater til versjon 6.3/CC 2015.3. 17.11.2015 var dagen då Adobe ga oss tilbake importopplevinga frå tidlegare versjonar. I tillegg er det lagt inn støtte for nye kamera, og feil har blitt retta. Meldingar på nettet tyder på at der framleis er rapporterte feil, som ikkje har blitt retta. Eg har likevel opplevd betre brukarerfaring i versjon CC 2015.3