LightroomTips

Filtrer Collection og Keyword List

Article text
I programmet har det kome eit søkefelt øvst i dei to modulane, der du kan skrive inn søkeord. Då viser lista berre dei collections som stemmer med søkeordet ditt, straks du avslutta inntastinga.

I eksempelet har eg brukt Svalbard, som eg sjølvsagt har oppretta ein collection for, etter at eg heldt Lightroomkurs for fotoklubben her i november 2015. Søkeritereiet viser alle collections, som innheld søkebegrepet Svalbard.

Du kan også skrive deler av ordet, nokre bokstavar midt i eller på slutten av ordet, og alle collections som har namn med bokstavane i rett rekkefølge vil vise i lista. "alba" eller "bard" vil også vise Svalbard. Alle andre collection med desse tegna viser også. Tekststrengen kan altså vere kvar som helst i ordet.

Dersom du har eit hierarki med collection set, der f.eks. Norge inneheld alle fylka, og fylka inneheld alle kommunane, vil søkebegrepet Norge vise alle, "Sogn" vil vise Sogn og Fjordane, "land" vil vise dei fylka som har land i namnet, alt med underliggande collections og bilde.

Sjå også artikkelen Filtrer Collections og Keyword List i Aktuelt