LightroomTips

Betre filter med å vise Mask Overlay

Article text
Alle dei tre filtera Graduated Filter (M), Radial Filter (Shft+M)og Adjustment Brush (K) har no dei same justeringsbrytarane. Det betyr m.a. at det kan vere fleire filter som passar til oppgåva. Tidlegare kunne t.d. Radial Filter berre følgje ei bein linje, men no kan du ved hjelp av Brush viske ut eller forsterke maska. Tenke deg ein situasjon slik som bildet her. Du vil behandle himmelen, men ikkje fjellet og personen i forgrunnen. Du vil helst bruke gradert filter, for å få den jamne graderinga.

Til dette er to verktøy i gradert filter nyttige. Det er Brush, som du kan bruke til å viske bort maska på område som ikkje skal behandlast, og det er Show Mask Overlay, som gjer at det er lettare å sjå om du viska nøyaktig der du skal. Slik gjer du.

Dra eit gradert filter ca slik du vil ha det. Set hake i Show Mask Overlay, slik at den rosa maska viser. Endre så kosten til Brush øvst til høgre i panelet for Graduated Filter. Tast og hold Alt, slik at penselen endrar seg frå + til – (minus), for å viske. Juster eventuelt Flow, og set gjerne på Auto Mask, slik at det blir lettare å male nøyaktig avgrensinga mot himmelen. Pass på at du stadig held Alt-tasten nede.

Mal så til maska er fjerna på objekta som stikk opp i himmelen, personen og fjellet i dette tilfellet. Når du har malt ferdig, og er fornøgd med avgrensinga, bør du slå av maskevisinga, ved å fjerne haken i Show Mask Overlay, slik at du ser resultatet av justeringane du gjer.

Brush er eit kjempenyttig verktøy i Graduated Filter og Radial Filter, som gjer verktøya langt meir brukandes enn dei var tidlegare.