LightroomTips

Organisering av bildelageret - hæææ!?

Går det an å sette opp Lightroom slik at bildelageret automatisk blir organisert slik du ønskjer det? Ja, og nei – der er ganske mange alternativ, så kanskje der er eit som passar deg, slik at import blir litt enklare i framtida. Nytt år er kanskje tid for å sjekke mulegheitene Lightroom tilbyr på dette feltet. Les meir...

Skaler bilde for innlevering til NSFF

Bilde som skal leverast til konkurranse i NSFF eller andre plassar, må ha riktig kvalitet og riktig storleik. Med Lightroom er det ganske enkelt å innfri dei krava som gjeld den enkelte konkurranse eller innlevering. Ver nøye med å sjekke at du får med alle krava. Så kan du bruke dette tipset til å hjelpe deg med å innfri krava. Les meir...

Rediger bilde på reise

XMP eller ikkje XMP, Smart Preview eller Export as Catalog/Import from another Catalog? Nokon kvar av oss har rett som det er behov for å ha med bilde ut av huset, uten å ha med heile bildesamlinga. Formålet kan vere å vise fram bilda, men mange gonger er det også behov for å redigere bilda. Det skaper utfordringar, som kan løysast på forskjellig måte. Les meir...

Juster og vis filmstripe og sidepanel

I Lightroom er der i alt sju modular, og i alle modular er der panel på begge sider av skjermen (sidepanel) og øvst og nedst (modulveljar og filmstripe). Alle desse kan visast og skjulast uavhengig av kvarandre, men breidda på dei kan også justerast. Her viser eg korleis du kan justere filmstripa. Les meir...

XMP eller ikkje XMP - ikkje eit enten eller!

Når du redigerer RAW-filer i Lightroom, blir endringane lagra i Catalogfila (databasen). Dersom du sender frå deg ei redigert RAW-fil, sender du ein urørt original. I Lightroom fins det ein funksjon som kan skrive metadata til fil. På den måten kan du få sendt med endringane, om du skal vise RAW-fila til andre. Men OBS – ikkje alle data blir lagra i ei slik XMP-fil. XMP er derfor ikkje eit enten eller. Sjå berre. Les meir...

Nullstill (Reset) som varer

Du kan alltid starte på nytt med å redigere eit bilde i Lightroom. Dette er ulikt andre bildebehandlingsprogram, som endrar originalen når du redigerer. Så lenge du redigerer i Lightroom, blir originalfila ikkje endra. Dersom du hoppar over i Photoshop, Elements eller eit anna redigeringsprogram, eller eksporterer bildet til eit anna filformat, skaper du ei ny fil, og då har du skapt eit nytt utgangspunkt eller nullpunkt, om du vil. Les meir...

Kreativ med bilderammer III

I to tidlegare tips had eg sett på bilderammer i Lightroom, først ved bruk av Effects i Develop-modulen, så Photo Border i Prinmodulen. I dette tipset skal eg ta temaet eit steg vidare, og bruke vannmerke som bilderamme, også det i Print-modulen. Metoden kan gje artige og kreative innrammingar av bilda. Eg går ikkje veldig i detalj om framgangsmåten, men beskriv hovudtrekka, og viser eksempel. Les meir...

Kreativ med bilderammer II

I tipset før dette fokuserte eg på bilderammer ved hjelp av Effectspanelet i Develop. I dette tipset skal eg ta føre meg korleis du kan legge til bilderammer med litt meir avanserte alternativ. Printmodulen gir andre og meir avanserte mulegheiter enn Develop. Sjå berre. Les meir...

Kreativ med bilderammer I

I Lightroom kan du legge til bilderammer på fleire måtar, og mulegheitene er fleire enn det som ligg opp i dagen. Du må berre vere litt kreativ for å finne ut av det. Har du først løyst koden kan du lage både artige og flotte bilderammer. I dette tipset brukar eg modulen Develop. Les meir...

Kom igang med Lightroom Mobile

Adobe har nyleg slept Lightroom Mobile for iOS, dvs iPad. Dette tipset handlar om korleis du kan komme igang med dette produktet. Lightroom gjer det mogleg å synkronisere bilde mellom ein ipad og ei stasjonær eller berbar maskin. Les vidare for å sjå korleis du kan komme igang. Les meir...