LightroomTips

Import – kor mange – kor stor plass?

Du importerer stadig bilde til Lightroom, og plutselig ein dag undrar du på kor mange det er her og kor stor plass vil dei ta. Sjå berre her. Les meir...

Tethered Capture virkar ikkje

Med Lightroom kan du koble kameraet til datamaskina med ein USB-kabel, og i Lightroom kan du starte noko som heiter Tethered Capture. Då blir bilda vist i Lightroom straks du har trykt på utløysaren. Dersom du ikkje får Tethered Capture til å fungere, kan du lese nokre råd her. Les meir...

Nullstill Tone Curve

Lightroom har smarte løysingar for å nullstille eller tilbakestille endringar gjort i bilde. Noko av dette er behandla i tidlegare tips, men denne gongen skal eg konsentrere tipset om Tone Curve. Les meir for å sjå korleis du kan nullstille Tone Curve i ein svei drei/på null komma null. ? Les meir...

Keyword List filtrerer

Det er mange mulegheiter til å filtrere vising av bilde i Lightroom. I dette tipset ser eg litt nærare på ein av metodane – Keyword List. Ved hjelp av Keyword List kan du filtrere visinga av bilde, slik at du viser berre dei bilda du ønskjer. Her er korleis. Les meir...

Den forunderlige Alt-tasten – tips 4

Dette er det siste tipset om å kombinere Alt-tasten med forskjellige brytarar i Develop-modulen. Denne gongen vil eg gå eit steg vidare med oppskarping, og konsentrere tipset om bruk av Alt-tasten i lag med Radius og Detail i panelet Details i Develop.

Alt-tasten kan hjelpe deg til å få betre kontroll med redigering av bilde i Lightroom. Nokre tidlegare tips har vist at skjermbildet blir endra når du kombinerer i>Alt-tasten med ein brytar i Develop, slik at det blir lettare å sjå effekten av den aktuelle redigeringa. Eg har m.a. vist korleis du kan midlertidig gjere bildet om til svart/kvitt, slik at det blir betre å sjå kva som er passe skarping av bildet. Slik får du betre kontroll med oppskarpinga Les meir...

Den forunderlige Alt-tasten – tips 3

Denne gongen skal det handle om oppskarping. Ved hjelp av Clarity kan du tilføre skarpheit i heile bildet, ved at bildet får meir kontrast i mellomtoneområdet. Ved hjelp av panelet Detail kan du skarpe opp bildet på ein mykje betre måte. Mulegheitene til å skarpe bildet er fleire enn det som er plass til i dette tipset, men det som blir vist her, er kanskje det viktigaste. Les meir for å sjå detaljane om korleis du kan utnytte Sharpening til å forbetre bildet. Les meir...

Den forunderlige ALT-tasten - tips 2

I det forrige tipset nemnde eg at ALT-tasten kan gje tilgang til uante, smarte eigenskapar under framkalling av bilde i Develop-modulen. Tipset viste korleis ALT-tasten kan lette identifisering av overeksponerte område og korleis du kan hente fram detaljar i desse områda.
La meg skyte inn at eg er mindre uroa om eit område i bildet er undereksponert enn om det er overeksponert. I dette tipset skal eg vise korleis du kan få fram detaljar i undereksponerte område. Sjå berre. Les meir...

Den forunderlige ALT-tasten - tips 1

Enkelte funksjonar i Lightroom er litt skjulte, ikkje så godt å oppdage slik utan vidare. Ein slik er bruk av Alt-tasten. Når du arbeider med bilde i Lightroom, kan bruk av Alt-tasten gje deg overraskande, smarte eigenskapar. I dette tipset skal eg vise ein slik smart eigenskap. Sjå berre. Les meir...

Juster ein farge

Nokre gonger kan du ha lyst å endre ein enkelt farge i eit bilde. I Lightroom er dette ganske enkelt, faktisk så enkelt at det er unødvendig å vete kva for ein brytar du skal justere. Tenk deg at du har skapt eit bilde med klar, blå himmel, men på skjermen ser den litt bleik og fargelaus ut. I Lightroom kan du enkelt friske opp himmelen. Les meir om korleis du kan fikse slike svakheiter på ein enkel måte. Les meir...

Crop Overlay på ny måte

Når du aktiverer verktøyet Crop Overlay i Developmodulen, ser du ei ramme rundt bildet, handtak i hjørna og midt på kvar side, og du ser eit rutemønster. Rutemønsteret hjelper deg med å komponere bildet. Standardmønsteret byggjer på tredelingsregelen, men der finst fleire andre mønster du kan bruke. Desse byggjer på andre komposisjonsreglar, og kan i mange tilfelle vere nyttige å bruke. Les meir om korleis du kan finne fram til dei ulike mønstera og korleis du aktiverer og brukar dei. Les meir...