LightroomTips

Juster ein farge

Nokre gonger kan du ha lyst å endre ein enkelt farge i eit bilde. I Lightroom er dette ganske enkelt, faktisk så enkelt at det er unødvendig å vete kva for ein brytar du skal justere. Tenk deg at du har skapt eit bilde med klar, blå himmel, men på skjermen ser den litt bleik og fargelaus ut. I Lightroom kan du enkelt friske opp himmelen. Les meir om korleis du kan fikse slike svakheiter på ein enkel måte. Les meir...

Crop Overlay på ny måte

Når du aktiverer verktøyet Crop Overlay i Developmodulen, ser du ei ramme rundt bildet, handtak i hjørna og midt på kvar side, og du ser eit rutemønster. Rutemønsteret hjelper deg med å komponere bildet. Standardmønsteret byggjer på tredelingsregelen, men der finst fleire andre mønster du kan bruke. Desse byggjer på andre komposisjonsreglar, og kan i mange tilfelle vere nyttige å bruke. Les meir om korleis du kan finne fram til dei ulike mønstera og korleis du aktiverer og brukar dei. Les meir...

Error reading from preview data

Ein veldig sjeldan gong kan det hende at Lightroom ikkje vil starte. Den prøver, men serverer meldinga: «Lightroom encountered an error reading from its preview data and needs to quit.» Problemet har blitt omtalt sidan LR 3. Eg har søkt etter årsak og løysing på denne feilen, og har ei god og ei dårlig nyheit. Den dårlege er at eg ikkje har funne årsaka. Feilen består i at previews inneheld korrupte data, men ingen har skrive kvifor det skjer. Les vidare for å sjå løysinga Les meir...

HSL/Color/B&Wpanel?

Av og til tenkjer du sikkert å konvertere fargebilde til svart/kvitt i panelet HSL/Color/B&Wpanel.
Berre eit lite tips før du gjer det. Først bør du redigere fargebildet, slik at det ser riktig ut. Gå gjennom dette med fargebalanse, eksponering, høglys, svart, kontrast, osv, slik at fargebildet ser best mulig ut. Då får du eit betre resultat når du konverterer til svart/kvitt ved hjelp av B&W-panelet

Vis kopi eller original

Virtuelle kopiar skil seg frå originalfiler ved at dei har ein brett i nedste, venstre hjørnet, jf bildet. Slik sett er det lett å sjå kva som er ein kopi, men det blir betre oversikt, dersom du kan filtrere bilda. Då kan du t.d. kan sjå berre dei virtuelle kopiane eller berre originalane. Les vidare om korleis du kan få til dette, og korleis du kan kombinere filtra. Les meir...

Zoomnivå i Detail

Når du skal legge til skarpheit eller støyfjerning i panelet Detail i Developmodulen, kan det vere behov for å endre zoomnivå. Her er korleis: Les meir...

Nullstill kvitbalansen

Nokre gonger kan du komme på viddene når du justerer kvitbalansen. Kanskje du ikkje hugsar kva det var opprinnelig, men det er ikkje eit problem. Sjå berre her: Les meir...

Second Copy ingen sikkerheitskopi

I bøkene mine om Lightroom 3 og 4 og på kursa om Lightroom har eg framheva at det er enkelt å opprette ein sikkerheitskopi av bildefilene ved å hake av for «Make a Second Copy To..» i samband med import. Dette kan eg ikkje lenger seie, fordi funksjonen ikkje fungerer slik eg har sagt og skrive. Les meir om kvifor.

Eg beklagar dei ulemper feilinformasjonen kan ha skapt for den enkelte. Les meir...

Storleik Grid View Miniatyrbilde

I Grid View i Library kan du variere storleiken på miniatyrbilda etter behov. Mange brukar sikkert skyvebrytaren på verktøyrada like under Grid View, jf bildet, men kvifor alltid bruke musa? Kanskje verktøyrada ikkje viser? Det finst meir effektive metodar eit par tastar på tastaturet. Sjå berre her: Les meir...

Endre filnamn seinare – kanskje..

Mange, meg inkludert, tilrår å endre filnamn til beskrivande filnamn ved import av bildefiler frå kamera til Lightroom. Det er mykje lettare å forstå kva eit bilde inneheld, dersom namnet er 2013_01_05_002_Fyllingsvatnet.DNG enn dersom namnet er _DSC4718.NEF.

Det er ingen tvil om at der er fordeler ved å ha beskrivande namn på bildefiler, men kanskje du heller vil vente litt med namneendringa? Her er kvifor du kanskje vil vente til etter ein første gjennomgang. Les meir...