LightroomTips

Ta i bruk Collections - Gløym Folders

Eg startar det nye året med eit tips som handlar om noko av det mest grunnleggande, viktige og kraftige ved Lightroom.
Når bilde blir importert frå camera til datamaskina ved hjelp av Lightroom, blir bilda lagra i ein mappestruktur, gjerne med kronologisk datorekkeføgje, som du oppgir i Lightroom i samband med import, t.d. 2013/01/02. Det er OK om denne strukturen er logisk og muleg å kjenne att, men der stoppar det. Når bilda er importert, skal du gløyme Folders. Her er kvifor. Les meir...

Lås ekstern disk til bestemt bokstav

Det ser ut til at mange brukarar av Lightroom har berbar datamaskin, og dermed har bilda lagra på ekstern disk. i tillegg blir kanskje ein anna ekstern disk brukt til sikkerheitskopi, og ein og anna minnepinne blir også kobla til maskina. Det kan fort bli surr i kva bokstav den enkelte disk har eller skal ha. og Lightroom finn ikkje bilde som ligg på feil disk. Det finst råd for dette. Les meir...

Ta sikkerheitskopi ved import

Når du importerer bilde til Lightroom, kan du samtidig ta sikkerheitskopi. Du stiller inn dette i panelet File Handling, som finst på høgre side i skjermbildet for Import. Ta vare på bilda dine, og ta sikkerheitskopi. Her er korleis du gjer det.

Etter nye opplysningar frå Adobe i januar 2013 viser det seg at funksjonen ikkje er meint å fungere som varig sikkerheitskopi av bildefilene. Les kvifor under aktuelt , artikkelen om Second Copy er ingen sikkerheitskopi. Les meir...

Finn dei sist importerte bilda

Lightroom held greie på bilda du importerer, slik også den siste importen du gjorde. Du kan alltid finne fram til den siste importen ved å opne panelet Catalog i det venstre sidepanelet i Library, og så velje Previous import. Det finst også ein anna måte, som er minst like enkel å bruke. Sjå berre: Les meir...

Nyttig med kameraprofil

Legg til profil automatisk
Dersom du ønskjer å legge ein kameraprofil til ved import - heilt automatisk, så er det enkelt. Opne Develop-modulen, og vel ein kameraprofil frå panelet Camera Calibration. Ikkje gjer noko anna. Klikk + på panelet Presets i venstre sidepanel, skriv namnet på profilen og lagre.
Når du så skal importere bilde, vel du ein av kameraprofilane du har oppretta i importvinduet, under Develop Setting i panelet Apply During Import på høgre side av skjermen.

Standard Kameraprofil - kjempesmart

I Lightroom og Camera RAW kan du bruke profilar til å automatisk generere bildevisingar slik du vil ha dei. Dette er ein enkelt måte å få RAW-bilde til å sjå litt betre ut – utan at du treng å løfte ein finger. Adobe har fleire profilar, t.d. ACR 4,3 og 4,4, men det finst også kameraspesifikke profilar. Sjå berre her. Les meir...

Flytt Bilde i Lightroom

Panelet Folders i modulen Library er som Windows Utforskar eller Finder, og fungerer nesten nøyaktig på same måte. Skal du flytte bilde importert i Lightroom, så bruk folders sine funksjonar, elles blir det krøll. Sjå meir om det tipset "Bilde eller mapper merka med ?" Les meir...

Bilde eller mapper merka med ?

Kva betyr dette? Det kan vere fleire forklaringar til at det er ? ved ei mappe eller i øvste, høgre hjørnet av eit bilde. Dette tipset tek ein kort gjennomgang av forklaringar og løysingar. Sjå berre. Les meir...

Adjustment Brush -smart verktøy

Veit du forskjellen på A og B i Adjustment Brush? Har du prøvd Erase? Les meir...

Ryddig katalogstruktur

Lightroom organiserer bilda for deg i ein eller anna mappestruktur ved import. Det er opp til deg å velje kva struktur du vil ha på disken din. Her er eit enkelt tips for å få ei systematisk, oversiktleg, kronologisk tidsrekkefølgje i mappestrukturen. Les meir...