LightroomTips

Make Second Copy - smart, fordi...

Alle er vi vel meir eller mindre opptatt av å ta vare på bilda våre på ein enkel og sikker måte. Med Lightroom 3 eller nyare kan du gjere det på ein utruleg enkel måte - uten at det krev ekstra tid av deg. I tillegg er det nokre nye eigenskapar med denne funksjonen frå LR3, som du vil sette veldig stor pris på. Slik ordnar du med smart sikkerheitskopi.

Retting januar 2013. Etter nye opplysningar frå Adobe i januar 2013 viser det seg at funksjonen ikkje er meint å fungere som varig sikkerheitskopi av bildefilene. Les kvifor under aktuelt , artikkelen "Second Copy er ingen sikkerheitskopi". Les meir...

Vis eller skjul informasjon på filmstripebilda

Bå bilda på filmstripa kan du vise forskjellig informasjon, f.eks. små merkelappar om bildet er redigert, har nøkkelord, osv. Her finn du korleis du enkelt kan slå av eller på slik informasjon. Les meir...

Endre storleiken på filmstripebilda

Dersom du vil at bilda på filmstripa skal vere større eller kanskje mindre enn Adobe har bestemt for deg, kan du enkelt justere dette sjølv. Les vidare for å sjå korleis. Les meir...

Generering av Preview og yting i Lightroom

Denne gongen presenterer eg eit litt grundigare tips knytt til innstillingar for Preview. Lightroom brukar previews til å vise bilda på skjermen. Du kan generere slike previews i forskjellige storleikar, Minimal, Embedded and Sidecar, Standard og 1:1. Dette kan gjerast ved import eller seinare, enten manuelt eller i det du arbeider med bilda. Innstillingar og korleis du gjer dette vil virke inn på ytinga i Lightroom, og det vil også virke på diskplassen du brukar. Les vidare for å finne ut meir om dette. Les meir...

Fleire Catalogar - Catalogbehandling

Dei fleste som brukar Lightroom klarar seg med ein Catalog (database). Det er muleg å ha fleire eller mange, men då gjeld det ha tunga beint i munnen. Her er eit lite tips om å slå saman katalogar, for den som ønskjer det. Les vidare, og sjå korleis det kan skje. Les meir...

Konverter bilde til DNG

Gløymde du å sette på «Copy as DNG» då du importerte bilda? Ingen fare. Det er enkelt å konvertere RAW-filer til DNG etter at bilda er importert i Lightroom. Slik gjer du det. Les meir...

Installer Preset

Med eit lite utval av Develop preset kan du forenkle redigeringa av bilda dine, slik at ei rad innstillingar kan gjerast for eit bilde med berre eitt tastetrykk. Du kan lage dine eigne preset, eller du kan laste ned frå nettet. Det finst både gratis preset, og du kan bestille frå fleire, som utviklar og sel slike. Det er enkelt å innstallere, og her ser du korleis du kan gjere det. Les meir...

Importer raskt til eksisterande mappe

Det er fleire måtar å starte importdialogen på, og her er ein som sparer deg for unødige tastetrykk. Les meir...

Enklare Skarping

Du kan gjere det lettare for deg å sjå kor mykje skarping du skal tilføre i eit bilde, dersom du tek bort fargane og ser bildet i svart/kvitt.

Her er korleis du enkelt kan gjere det. Les meir...

Smart import

Enkel og rask import Les meir...