Om meg

Eg vart fødd i desemberdag 1952, og voks opp i ei fiskarbondefamilie i Hoddevik på Stadlandet i Nordfjord. Havet var vår næraste nabo, stille som eit vatn nokre dagar, men eit frådande inferno andre dagar - no for tida eit eldorado for surfarar frå heile verda.

Oppveksten var ei tid rik på alle slags erfaringar, inne som ute, på land og sjø, i arbeid og leik. Arbeid lærte vi tidleg, og det har vore til enorm nytte seinare. Erfaring i alt slags gardsarbeid, fiske, snekring, osv, osv har gjort at ingen praktiske oppgåver er for vanskelige.

Utdanninga er allsidig, landbruk, samfunnsutvikling, EDB, økonomi og markedsføring. Foto har alltid vore ei viktig interesse, men skaut fart i 2003. Digital speilrefleks i 2008 ga meg enno større glede av bilda. I 2007 vart eg medlem i Ålesund Kameraklubb, og i 2010 var eg med og starta Skodje Fotoklubb.

Formidling gjennom skriftleg materiale, kurs og brukarstøtte er dei oppgåvene eg har hatt mest glede av i arbeidslivet og på fritida. Eg har skreve fleire brukarhandbøker om dataprogram, både i arbeid og privat.

I fotomiljøet fekk stadige ønskje om opplæring i bildebehandling og organisering av digitale bilde, så eg begynte å holde kurs sjølv. Mangel på norsk litteratur om bildebehandlingsprogram førte til at begynte å skrive om Lightroom, som eg hadde brukt frå starten av. Det hadde blitt populært blant både amatørar og profesjonelle fotografar. Boka Adobe Photoshop Lightroom 3 – Enkelt forklart i januar 2011 var den første i sitt slag på norsk, og i 2012 kom den i utvida versjon for Lightroom 4 - fleire tema, og behandla alle modulane i Lightroom - blir stadig levert som PDF. Du finn meir informasjon om på den her.


Fotoutstyret mitt

Nikon Z 6 II kamerahus
Nikon D500 kamerahus
AF Fisheye NIKKOR 16 mm f/2,8
AF-S NIKKOR 16-35 mm f/4 VR
NIKKOR Z 24-70mm f/4 S
AF-S NIKKOR 24-70 mm f/2,8
AF NIKKOR 50 mm f/1,8
AF-S Micro NIKKOR 105 mm f/2,8 MicroNikkor
AF-S NIKKOR 70-200 mm f/2,8 VR II
Nikon AF-S 200-500/5,6 E ED VR
Nikon TC-17E II teleconverter
Belg for makrofoto
Nikon SB-900 blits
Nikon SB-910 blits
Nikon R1C1 makroblits
Fjernkontroll
Induro carbonstativ m Really right Stuff BH-55 kulehovud
Sirui reisestativ med kulehovud
Manfrotto eittbeins stativ m kulehovud
Kalibreringsutstyr
Lastolite reflektor/diffuser

Sjølvkomponert datamaskin
Mac Book Pro Retina 15"
Epson Stylus Phot R3000
Epson V700 skanner

Det viktigste for bildet er den som betjener utstyret.