Kurs

Import og organisering

6 timars kurs med alt det vesentlege om import og organisering av bilde i Lightroom. Du lærer korleis det kan vere smart å lagre bilda, og korleis du ved hjelp av alle typer Collections (bildesamlingar) kan organisere bilda, bruk av metadata og nøkkelord for å effektivt filtrere, gruppere eller finne att bilde når du treng det.
Kurset kan gjennomførast som kveldskurs over 2-3 kveldar eller i løpet av ein heil dag i helga.Kurset kostar 900 kroner per deltakar.
22/04/2014
Tema under kurset

Slik fungerer Lightroom
Kort gjennomgang av grensesnittet og korleis det fungerer

Import av bilde
Alternativ for lagring, filnamn, osv
Sikkerheitskopiering
Vurdering og utvelging av bilde
Nøkkelord og filnamn

Organisering av bilde
Collection for å gruppere bilde etter gitte tema
Smart Collection for effektiv organisering
Quick Collection
Collection Set

Filtrering av bilde
Bruka av tekstsøk, metadata, flagg, attributtar, fargar og stjerner
Catalog