Kurs

Bli venner med Lightroom

I samarbeid med Skodje Fotoklubb blir det arrangert helgekurs i Lightroom laurdag 25. og søndag 26. mars 2017. Slutt å leite etter bilde, lær å unngå fallgruver og feilmeldingar. Dette blir to dagar du ikkje vil angre på.
06/02/2017
Her får du 12 timar med innlæring av gode rutiner og viktig kunnskap om korleis du kan bruke og utnytte Lightroom på beste måte, og det til uslåeleg pris.
Vi startar med å bli kjent med programmet, skjermbilde og nokre viktige prinsipp, og går vidare med;
  • Import

  • Utvelging, samanlikning

  • Organisering

  • Bruk av nøkkelord

  • Bruke filter

  • Redigere bilde ved hjelp av Develop

  • Redigere i andre program (Photoshop eller liknande)

  • Eksport av bilde

  • Lage og bruke Preset

  • Diverse innstillingar, og andre saker det er ønskje om


Last ned brosjyre med all informasjon om kurset her.
Meld deg på ved å sende inn påmeldingsskjemaet